Oppgradert Ålhytte, klar for nye minner
Eit hyttetun på Sangefjell, rehabilitert og kvalitetssikra av Ålhytta i 2025.
Velkomen til ei Ålhytte med ro i uttrykket og varme i veggane.
Finn ut meirEit hyttetun på Sangefjell, rehabilitert og kvalitetssikra av Ålhytta i 2025.
Velkomen til ei Ålhytte med ro i uttrykket og varme i veggane.
Finn ut meir
Sangefjellvegen 123 vart reist i 1974, med ein idé som framleis står seg: Hytta skal ikkje ta plass, ho skal gi plass. Til lyset. Til terrenget. Til utsikta, og til dei små opplevingane som gjer fjellet unikt.
Du merkar det i måten tunet ligg på. I tuntreet som får stå. I snøfokken som får teikne i lufta utanfor vindauget. I ved som tørkar ved veggen, og i stilla som kjem tilbake når døra går att.
Dette er ei hytte som har vore brukt. Levd i. Som ei ramme for livet. Ungar som kjem inn raude i kinna. Våte vottar i gangen. Kaffiringar på bordet, og ein samtale som varer litt lenger fordi det er rom for han.
Gjennom 2025 vart hyttetunet klargjort for dagens krav, utan å miste seg sjølv. Målet har vore å gjere det lunare, tryggare og meir praktisk, men tru mot det som gjer ei Ålhytte til ei Ålhytte: Varig arkitektur som tåler livet, og som kan følgje nye behov utan å bli noko anna enn det ho er.
Velkomen til ei Ålhytte med ro i uttrykket og varme i veggane.
Sjå planteikning
Sangefjellvegen 123 er rehabilitert med eit klart mål: Å ta vare på det essensielle i ei eldre Ålhytte, og samstundes løfte tunet til ein standard som fungerer i dag. Vi har tilbakeført og forsterka den opprinnelege Ålhytte-arkitekturen, retta opp tekniske manglar og forbetra funksjon, utan å byggje på.
Tilnærminga har vore den same som alltid: Byggje smart, ikkje stort. Det betyr å velje løysingar som varer, og å velje bort det som tek plass utan å gi meir liv.
Nokre stader må du kome til for å skjøne. Sangefjellvegen 123 handlar ikkje berre om kvadratmeter, men om kjensla når hytta ligg lågmælt i terrenget og naturen får spele hovudrolla.
Her får du eit ferdig hyttetun som er tatt vare på med respekt for det opphavlege, og gjort klart for nye kapittel.
Ønskjer du å bli betre kjend med Sangefjellvegen? Hytta kan prøvebuast, og her kan du kjenne på romkjensla, funksjonaliteten og oppleve kvalitetane etter den varsame rehabiliteringa.
Prøvebu hyttaVil du ha meir informasjon, avtale vising eller prøvebu, kontakt oss.