BYGGESKIKKPRISEN 2016

Jubileumsåret 2016 ble avsluttet ved at Ålhytta ble tildelt Ål Kommunes byggeskikkpris for 2016. Vi vil med dette takke for et innholdsrikt jubileums-år, og ønsker samtidig alle våre kunder og samarbeidspartnere en riktig God jul og et Godt nytt år!

Ål kommune gratulerer Ålhytta AS med Byggeskikkprisen 2016. Byggeskikkprisen i Ål vart oppretta i 1986. Fram til 2006 var det utdelt til saman 11 prisar. Byggeskikknemnda sine medlemmer er vald av kommunestyret. For kommunestyreperioden 2015- 2019 har nemnda følgjande 3 medlemmer, som starta arbeidet i 2016:

  • Lise Laa (leiar)
  • Anne Kjersti Frøyen
  • Håkon Tveito


Byggeskikknemnda har følgjande grunngjeving for tildelinga av Byggeskikkprisen 2016 til Ålhytta:

Sidan Ålhytta har 50-års-jubileum same året som Byggeskikkprisen i Ål har 30-års-jubileum, vil det vera veldig aktuelt å heidre Ålhytta med Byggeskikkprisen i 2016. I staden for å gje prisen til 1 einskild bygg, vil ein pris til Ålhytta gå som ein gest til alle som har Ålhytter og Ålbustader, noko som vil treffa eit stort tal bygg, og høva fint sidan prisen har vore fråverande siste 10 åra. Byggeskikknemnda si grunngjeving for valet, er at Ålhytta har festa seg som eit nasjonalt ikon på arkitekturhimmelen, og har eit lokalt namn som set Ål på kartet. Samstundes er utforminga sprunge ut frå lokal identitet og byggeskikk over eit «stev om stav og stolpe », under slagordet «skiller seg ut ved å passe inn».

Ålhytta er reist over alt i Noreg, også i utlandet frå Island til Kina, og har ei tidlaus utforming som overlever skiftande trendar. Ålhytta særmerkjer seg ved å vera enkel i utforminga, men har klåre og reine liner som smykkar landskapet.

Utdelinga av Byggeskikkprisen til Ålhytta tyder samstundes at «ringen er slutta» i jubileumsåret, då Sigurd Kirkebøen som var med på å starta Ålhytta, også var initiativtakar til opprettinga av Byggeskikkprisein Ål.

Gasta Design